1615 Views

Spennande med setjefisk og RAS-teknologi

Ein stadig større del av produksjonen av norsk laks foregår på land. Sjølv om mange meiner at ein betydeleg del av produksjonen av laks i Norge bør foregå i merder i sjø langs kysten, vil ein større del av produksjonen gå føre seg på land. Det betyr auka behov for kompetanse på landbasert produksjon og RAS-teknologi.

Mars 15, 2021
Fusa vgs har tilsett to nye faglærarar med kompetanse og erfaring frå settefisk (bildet) og RAS-anlegg.
Fusa vgs har tilsett to nye faglærarar med kompetanse og erfaring frå settefisk (bildet) og RAS-anlegg.
Skrevet av:

TOR JOHANNES HJERTNES

Utdanninga av fagpersoner til oppdrettsnæringa må ta opp i seg denne endringa som skjer i næringa, og arbeidsoppgåvene og produksjonen er ein heilt anna i dag enn for berre få år sidan. Opplæringa bør i større grad ha fokus på landbasert produksjon og samanhengen mellom det som skjer på land og produksjonen i opne merder i sjø, og vera med å redusera skillet mellom tradisjonell settefi skproduksjon i ferskvatn og matfiskproduksjon i sjø. Produksjon av laks er ein kontinuerleg prosess frå klekkeri til slakteri som alle i næringa må oppleva at dei er ein del av.

Har bygd pilotanlegg

Fusa vidaregåande skule ønskjer å ta opp i seg denne utviklinga både gjennom opplæringa og rekruttering av faglærarar. Skulen har bygd opp ein pilotanlegg der elevane kan sjå og testa ut aktuelt utstyr. I tillegg har skulen tilsett to nye faglærarar med kompetanse og erfaring frå settefisk og RAS-anlegg.

I tillegg til å ha eit større fagleg fokus på landbasert oppdrett, er det også viktig at dei som skal søkje læreplass får interesse for denne produksjonsforma. Det har vore ein tendens til at dei fleste som søkjer læreplass i akvakulturfaget, ønskjer å vera lærling på matfiskanlegg og sjø. Det kan vera eire årsaker til dette. Landbasert produksjon går ofte føre seg i lukka anlegg i bygg, som ser ut som tradisjonelle industribygg og som gjerne er lite kjent for lokalsamfunnet. Matfiskanlegg er meir synleg med store arbeidsoperasjoner, store båtar og meir «action».

Laboratoriearbeid høyrer med.
Laboratoriearbeid høyrer med.

Byggjer fagkompetanse

For å syna at også landbasert oppdrett kan ha både varierte og spennande arbeidsoppgåver, har me besøkt Hardingsmolt AS. Dei siste åra har dei bygd opp heile produksjonen sin på resirkulering av vatn. Det krev meir og ny kompetanse, og rekruttering av lærlingar er ein sentral del i å byggje opp fagkompetanse som dei treng i framtida.

Hardingsmolt AS treng fagpersoner som kan teknologi og biologi. Verksemda ligg i Tørvikbygd i Hardanger. Dei har løyve til å produsere fem millioner smolt. I tillegg til lokaliteten i Tørvikbygd, har dei ein grønn konsesjon med MTB på 780 tonn for produksjon av postsmolt ved Koløyholmen i Fitjar kommune. Selskapet har i dag 24 tilsette inklusive lærlingar der 18 arbeider arbeider ved anlegget i Tørvikbygd. Dei har etter kvart basert heile produksjonen sin på land på resirkulering av vatn, og treng kompetente fagarbeidarar innan RAS-teknologi og bruk av dette i ein biologisk produksjon.

Ein av strategiane for å sikre fagpersoner og rett kompetanse har derfor vore å rekruttere lærlingar – gjerne frå nærmiljøet.

I år har dei hatt seks lærlingar; tre TAF- elevar/lærlingar og to lærlingar med opplæring i bedrift. I tillegg til desse er Sander Ådland starta som TAF-lærling i høst, Jør- gen Øyefl aten er lærling med opplæring i bedrift og Eivind Strømmen. Me møtte Iselin Ugletveit, Solveig Femmsteinevik og Amalie Matland. Førstnemnde var lærling fram til i sommar då ho tok fagbrev, og har no fast stilling i selskapet.

Variert og spennande

Iselin fullførte vg2 i akvakultur på Fusa vidaregåande skule våren 2018. Det var litt tilfeldig at ho valgte læreplass hos Hardingsmolt. Mange av medelevane starta på matfiskanlegg, men sidan ho budde nær anlegget i Tørvikbygd, valgte ho Hardingsmolt som læreplass.

For Iselin var dette eit godt valg som ho ikkje har angra på. Sjølv om ho hadde hatt nokre veker praksis på settefiskanlegg då ho gjekk på vg2 akvakultur, hadde ho lite kjennskap til kva arbeidet eigentleg gjekk ut på. Ho opplever produksjonen av setjefisk som variert og spennande. Sjølv om mange av arbeidsoppgåvene krev systematikk og gode arbeidsrutiner vert dei ikkje opplevd som rutinemessige. Ein må alltid ta stilling til nye resultat og observasjonar, og ho kan ikkje kopiere løysingar frå ein dag til den neste.

Arbeidet krev både engasjement og interesse for å gjera dei rette valga. Ein må heile tida vera «på» og i forkant. Samstundes opplever Iselin tryggleik i arbeidet gjennom god opplæring, gode arbeidsbeskrivelse og tett dialog med kollega og andre fagpersoner. Å følgje fisken frå klekkeri til levering av smolt gjev god innsikt både i biologi og teknoløogi. Med så mykje resirkulering av vatn som Hardingsmolt har, er kontroll og vurdering av vasskvalitet ein sentral del av arbeidsdagen.

Her er det Iselin Ugletveit som styrer spakene.
Her er det Iselin Ugletveit som styrer spakene.

Tillit og ansvar

Solveig og Amalie er TAF-elevar og kombinerer utdanning på Fusa vidaregåande skule med å vera lærling i Hardingsmolt. Det er ein krevande kombinasjon, men svært motiverande å sjå samanhengen mellom teori og praksis. Dei har stor nytte av erfaringa frå arbeidsplassen når dei har teori på skulen som til dømes i kjemi. Solveig er inne i fjerde og og siste året av utdanninga, og skal ta fagprøve og ha fl eire eksamenar vå- ren 2021. Amalie går 2. året på TAF-marin.

Etter kvart som dei har fått kjennskap til bedrifta får dei både tillit og ansvar og inngår i vaktordninga. Dei føler at det kan vera krevande å ha ansvar for så store verdier, men med god opplæring og gode rutinebeskrivelser føler dei seg trygge. Dei veit og at dei som lærlingar aldri set med ansvaret åleine. Samstundes er det motiverande å sjå at ein behersker dei oppgåvene som ein får tildelt.

Nøyaktighet og systematikk

Alle tre peikar på at resirkulering av vatn i  heile produksjonen på alle avdelingane krev gode rutiner og kontrollsystem. Observasjoner av vatn og fisk, prøvetaking og systematisk analyse av vasskvalitet er ein viktig del av arbeidet. Iselin, Solveig og Amalie har etter kvart fått god innsikt i å vurdera vasskvaliteten gjennom å observere fisken sin oppførsel og tolke analyseresultata frå prøvane som dei analyserer. Det er store krav til nøyaktighet og systematisk arbeid. Små feil kan få svært store konsekvenser. Sjølv om det er tre jenter som vert uttaler seg her, er det viktig å understreka at dette ikkje er arbeid som er knytta til kjønn men heller personlege eigenskapar.

Kompetanse på RAS

Som lærling i eit selskap med RAS-teknologi får dei ein grundig innføring i korleis slike system fungerer. Sjølv om det er ulik oppbygging av anlegg som baserer produksjonen på resirkulering av vatn, vil det vera mange fellestrekk og ein kompetanse som mange selskap vil ha trong for i åra som kjem. Hardingsmolt ønskjer sjølvsagt å behalda den kompetansen dei byggjer opp gjennom rekuttering av lærlingar. Men det er eit stort potensiale for nye lærlingar på setjefiskanlegg og landbasert produksjon.

Død smolt blir undersøkt nærare av Iselin Ugletveit.
Død smolt blir undersøkt nærare av Iselin Ugletveit.

Godt arbeidsmiljø

I samtalen med Iselin, Solveig og Amalie får me eit klart inntrykk av trivsel. Det viser at lærlingane føler seg inkludert og likeverdige. Eit inkluderande arbeidsmiljø er viktig for lærlingar og rekruttering generelt, og alt tyder på at Hardingsmolt er eit godt eksempel på det. Me treff og dagleg leiar Jakob Drivenes og kvalitetskoordinator Katrine Bergthun som begge stadfester lærlingane sin viktige rolle i selskapet si satsing på å byggja kompetanse. Dette viser at det me har høyrt under besøket er godt forankra i verksemda.